Vestland Frivilligsentralar - samarbeidskomitè for Frivillighetens år 2022

2022 er Frivilligheitas år, og Vestland fylkeskommune vil bidra til å løfte frivillig sektor gjennom året

Deltakar frå styret i Vestland Frivilligsentralar: 


I høve dette vil vi å etablere ein samarbeidskomité til å bidra i arbeidet med å planlegge og gjennomføre ulike tiltak. Komiteen vil også kunne vere ein god stad for informasjonsdeling og høve til å knyte nettverk mellom organisasjonane. 

Det er Frivillighet Norge som leiar arbeidet med Frivilligheitas år 2022, der målet er auka deltaking, å fjerne barrierar for deltaking og å synleggjere frivillig sektor. 

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune vedtok følgjande i møte 17. november 2021: 

1. Vestland fylkeskommune vil markere Frivilligåret 2022 i samarbeid med frivillig sektor i Vestland. 

2. Frivilligåret 2022 blir markert i Vestland gjennom frivilligkonferanse, utdeling av frivilligpris, via informasjons- og formidlingsarbeid og gjennom tildeling av tilskotsmidlar. 

Vi inviterer med dette dei regionale paraplyorganisasjonane innan frivillig sektor til å vere i samarbeidskomiteen, saman med representantar frå Vestland fylkeskommune.

2024 © Vestland Frivilligsentralar