Vestland Frivilligsentralar - arbeidgruppe kunnskapsgrunnlag

Skal vi løfte og fremje frivilligheita i Vestland treng vi kunnskap og handling. Derfor har Vestland fylkeskommune laga dette kunnskapsgrunnlaget om frivillig sektor i Vestland

Deltakar frå styret i Vestland Frivilligsentralar: Heile styret


Styret hadde møte med Åge Avedal frå fylkeskommunen 3 mars 2021.


4. juni 2020 gjorde hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune følgjande vedtak, i sak 98/2020: 

1. Vestland fylkeskommune startar arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag om frivillig sektor i Vestland. Kunnskapsgrunnlaget blir lagt fram for vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering våren 2021. 

2. Vestland fylkeskommune vil vedta frivilligpolitisk strategi for Vestland i 2021. Den frivilligpolitiske strategien for Vestland skal vere med som ein av strategiane knytt til utviklingsplan for Vestland 2021-2024. 

3. Det blir sett ned ei tverrfagleg gruppe til å jobbe med kunnskapsgrunnlaget og til å førebu frivilligpolitisk strategi for Vestland. Gruppa blir leia av avdeling for kultur, idrett og inkludering. 

4. Vestland fylkeskommune innleier eit samarbeid med Frivillighet Norge knytt til arbeidet med frivilligpolitikk i Vestland.



2024 © Vestland Frivilligsentralar