Personvernerklæring

Dette dokumentet handler om korleis Vestland Frivilligsentralar samler inn, lagrar og nytter informasjon om personar. Ta kontakt med oss om du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Vestland Frivilligsentralar er opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi innhenter, oppbevarar og bruker personopplysningar. Vårt mål er å være heilt opne om dei data vi samlar inn og gi deg forståing for korleis desse dataene brukast og evt. delast.

Kva for opplysningar vi samlar inn og handsamar

Informasjon om våre medlemar

Vestland Frivilligsentralar held kontakt med medlemane og formidler relevant informasjon. Difor har vi eit medlemsregister der dei kan gi sitt samtykke til lagring av følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Informasjon kring medlemskontingent
  • Kva for aktivitetar medlemet deltar i i regi av Vestland Frivilligsentralar (som t.d. fagdag, seminar, kurs, møter..)
  • Kva for oppdrag medlemet tar på seg i samarbeid med Vestland Frivilligsentralar (som t.d. styremøter, referansegrupper, arnbeidsgrupper o.l.)

Medlemar som ønskjer det, får tilgang til å sjå kontaktopplysningar om seg sjølv.

Der dette er naudsynt vil Vestland Frivilligsentralar sørge for underskriving av teieplikt og at politiattest blir krevd der vi etter avtale finn dette naudsynt. I vårt register kan vi lagre informasjon om teieplikt og framvist politiattest.

Informasjon om våre samarbeidspartar

Når Vestland Frivilligsentralar formidler/vidareformidler relevant informasjon, treng vi somme tider å ha kontaktinformasjon om dei vi samarbeider med. Dette gjerast for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god oppfølging.

Informasjon om våre deltakarar

Når Vestland Frivilligsentralar gjennomfører arrangement med påmeldingar treng vi å vite kven som deltar. Då lagrer vi naudsynt  kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som kjøper billettar, deltek på turar eller er med på arrangement

Vestland Frivilligsntralar kan somme tider ha ansvar for listeføring. For dei dette gjeld blir følgjande lagra:

  • Namn, e-post
  • Adresse om det er naudsynt
  • Ein kan lagre kortinformasjon om personen tillet det for seinare referanse og utsending av tilbod
  • Kva for aktivitet det er meldt på, eventuelt betalt tilgang til

Informasjon om dei som besøker nettsidane våre

For dei som besøker våre nettsider, samler vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nytter Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressen anonymiserast ved at vi sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon går over sikker forbindelse med https.

Informasjon om dei vi er i kontakt med

Vi lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-poster for arkivbehov. Og det same gjeld for SMS- Vi bruker mobiltelefon og eventuelt kontortelefon som kontaktnummer.

Kven deler vi personopplysningar med?

Vi deler informasjon om medlemar der vi meiner det er naudsynt i samsvar med personvernloven. Ellers deler vi ikkje personopplysningar med nokon utanfor Vestland Frivilligsentralar.

Dine rettar

Medlemar som har personopplysningar hos Vestland Frivilligsentralar kan be om følgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkomande
  • Slette opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å ha
  • Begrense eller stoppe handsaming av dine opplysningar

Ta gjerne kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Om du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer det, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

  • Vestland Frivilligsentralar
  • Org.nr: 919 197 757
  • Kontaktperson - Margrethe Utkilen
  • Telefon: 992 03 637
  • E-post: margrethe.utkilen@austevoll.kommune.no
  • Postadresse: Prestanevegen 51 - 5392 Storebø

Sjå her kva som står om personvern på Norges Frivilligsentraler sine heimesider


2024 © Vestland Frivilligsentralar