Om oss

Grunnlaget for Vestland Frivilligsentralar er det gode arbeidet som blei gjort i fleire år i dei førre fylkane Hordaland og Sogn og Fjordane. Begge fylka var tidleg ute med eit fylkesledd for Frivilligsentralane.

Når samanslåing av fylkane var bestemt, tok begge styrane i dei fylkesvise ledda tak i eit samarbeid med mål om å slå saman. Nedanfor kan du lese litt om prosessen i interimstyret og om stiftingsmøtet for Vestland Frivilligsentralar. Vi vil nytte høvet til å takke interimstyret for gode møter og konstruktiv progresjon i arbeidet.

Det er ein styrke at Frivilligsentralane samlast under ein paraply som har fokus på region. Premissane som blir lagt på det nasjonale nivået gjennom Norges Frivilligsentralar (NFS) er førande for rammeverket Vestland Frivilligsentralar arbeider etter. Vi håper at alle Frivilligsentralane i Vestland fylke kan sjå nytta av å vere del av ein felles organisasjon som har kontaktflate mot fylket, statsforvaltar, NFS og overordna frivillig aktivitet. 

VFS kan vere eit kompetanseledd, høyringsinstans, talerøyr og medspelar ovanfor administrasjonar og politikarar når me treng å samspele for at gode tenester skal samskapast.


2024 © Vestland Frivilligsentralar